top of page

Ingvilds positive tvillingfødsel: - Eg følte meg trygg, informert og hadde ei positiv oppleving

Ingvild fødte tvillinger vaginalt for to måneder siden og tenker i dag: "dette kunne eg ha gjort igjen!". Med sin fantastiske fødepartner Øyvind og et solid team på KK i Bergen fikk de en positiv tvillingfødsel.

Ingvilds positive tvillingfødsel

Her er deres fødselshistorie:


"Tvillingane våre er no snart 2 månader gamle og eg tenker egentlig at: «dette kunne eg ha gjort igjen!»


Det hadde eg aldri trudd. Eg var nemlig livredd store deler av svangerskapet. Med min fyrste fødsel friskt i minne kjende eg meg ikkje klar for fødsel.



Og iallefall ikkje ein risikofødsel! Eg følte meg fanga i ein tung kropp gjennom eit strevsamt svangerskap.


Men eg hadde så lyst til å mestre det, ville så gjerne få være delaktig i fødselen min og å ta riktige val undervegs!

Så eg kjøpte kurset. Leste positive fødselshistorier. Leste alt mulig på heile Instagram medan eg låg i senga store deler av dagen. Leste meg trygg, men var egentlig fortsatt redd.


Og ekstremt sliten. Så eg fekk meg ikkje til å starte på sjølve kurset før eit stykke forbi veke 30.


Men eg begynte som smått med lydfilene etter å ha vore på (smittevernsvenleg) lunsj med ein nabo som hadde fått kurset av si jordmor.


Ho kunne nemleg fortelle at det var til så stor hjelp gjennom hennas 3. fødsel at både ho og mannen hadde hørt lydfiler og jobba med kurset saman i forkant.


Så me sette i gang.


Eg syns det var litt utfordrande og måtte melde med Line om gode tips for å slutte å være så «flink pike» gjennom avspenningene og heller stole på at underbevisstheten lagra stemmen og ordene som vart lest.


For meg var det nemlig veldig vanskelig å høre setninger om at eg var så avslappa når eg følte eg låg og dirra over madrassa...

Så eg gjorde mitt beste dei neste vekene. Lytta til lydfiler, snakka med jordmødre om fødselen og bearbeida eigne tankar rundt denne saman med både Øyvind og fagpersoner. Fekk stadig vite meir om prosedyrene til KK i Bergen der eg skulle føde.


Etter å ha vore innlagt 1 gang med sterke ligamentsmerter nærma eg meg sakte men sikkert slutten av veke 37.


Tvillingane kom til å bli fullbårne! Og legane hadde lova meg igangsettelse innan utgangen av veke 38. Eg skulle få feire jul med ungane på utsida!


Dette var eg spent på. Eg fødde raskt forrige gang og det var ikkje lenge sidan.


Ville eg klare å få ein positiv fødsel dersom det blei blålys og styrtfødsel?


Eg klamra meg til håpet om å nå fram i tide for anestesi. Dette er prosedyre under tvillingfødsel og svært nødvendig å ha tilgjengelig til tvilling 2.


Min forrige fødsel var ein positiv igangsettelse. Trudde eg. Men då eg fekk vite eg skulle føde igjen kjende eg at det var ting som skurra.


At enkelte opplevelser frå aktiv del av forrige fødsel hadde sett seg som eit arr i hukommelsen min og trigga meg kvar gang eg tenkte på fødsel.


Men eg kvidde meg ikkje til igangsetting, for dét visste eg at kunne være positivt!


Eg var berre veldig redd for å føde like etter vaktskifte slik som første gang og ikkje få tid til å snakke skikkelig med jordmora.


Men eg ville så gjerne gjere alt EG kunne, alt ME kunne for ei god oppleving.

Så eg lytta til filer og såg kurset når eg orka. Prøvde å senke krava til kva eg orka. Dessutan var Øyvind ein helt.


Han leste filer for meg, førebudde seg på kva som var viktig for meg og lytta til prosedyrene rundt tvillingfødsel.


Me var godt iformerte. Men eg kom aldri dit at eg gleda meg til fødselen.


Men som Øyvind sa: «det må vel være greitt det også, det er vel ikkje alle som gjør det?


Det e naturlig å kvi seg til noe som e forbundet med risiko». Og han hadde jo rett.


Eg måtte slappe i tankene og akseptere at eg ikkje måtte ha ein perfekt oppladning til fødselen for å få ein positiv fødselsppplevelse.


Så ladies, gjer dykk klare for vår positive tvillingfødsel.


Eg skulle inn 14.desember (37+1) for kontroll og eventuell igangsettelse.

Så kom veke 37. 13.desember. Med Luciadag, kakao til frukost og 3 lys i staken. Storebror på overnatting. Og rier. Det var ikkje til å ta feil av.


Eg pusta, var fokusert men redd. Altfor redd. Og skuffa fordi eg var redd. Eg skulle jo være så flink!


Men Øyvind var flink til å minne meg på at det var lov å være både redd og fokusert på samme tid. At det ikkje var umulig å bruke teknikker til tross for at eg kjende på adrenalinet.


Eg skulle jo trass alt føde TVILLINGAR!


Me heiv oss rundt, tok med dei få tinga som ikkje allerede låg i bilen. Og var lukkelege for at storebror allerede var hjå bestemor.


Eg pusta, ringte innleggingstelefonen, og pusta meir.


Dette var ein søndag. Tvillingane vart fødd ein tysdag. Alt gjekk veldig raskt då eg vart lagt inn og riene var hyppige.


Eg kjende meg ikkje klar for å føde tvillingar utan epidural og var tydelig med det.


Men det skulle gå fint, for riene avtok og eg fekk epidural. Av eit fantastisk radarpar som sette anestesi med stødig hand og god humor. Allereie her var opplevinga betre enn sist.


Og eg som hadde høyrd så mykje skremmande om KK i Bergen (avisene har virkelig skremt meg)!


Eg merka meg tidlig at sjukehuset har fått eit unødvendig dårlig rykte gjennom media.


Dei 2 neste døgnene gjekk fryktelig sakte. Men trass pandemi fekk Øyvind være med meg når det var nødvendig, men sove heime med storebror. Me var heldige og godt ivaretatt.


Eg brukte ventetida på å prøve å kvile. Puste. Høre på lydfiler. På dei 2 døgna trur eg kanskje eg såg maks 2 timar på film.


Eg var for utmatta til å ein gang sjå på tv. Eg MÅTTE få lov til å føde snart.


Kurset og lydfilene var til god hjelp denne tida. Eg brukte enorme krefter på å ikkje være redd. Fann spelelister på Spotify og jobba med pusten.


Dette var hardt arbeid for meg og i etterkant det tøffaste eg gjorde desse døgna. Ikkje det vondeste. Men det tøffaste.


For då tidlegvakta kom tysdag morgon skjønte eg det: no var det min tur! Margaret frå seinvakta dagen før var tilbake. Å, flotte Margaret!


Som hadde lest brevet mitt, snakka med meg ei heil vakt. Jobba for at eg skulle ha det best mogeleg. Eg kjende meg trygg. Og så klar som ein kan bli. «I dag SKAL du fø!» sa ho. Det var min tur.

11:11 tok dei omsider vatnet. Med tvillingar er det ein meir møysommelig prosess. Det var smertefullt men eg var i gang: det var jo dette eg hadde trent på!


No skulle eg ikkje berre snart møte dei, men eg skulle få ete utan å bli kvalm og bevege meg utan smerter. Det var ein fantastisk følelse å kjenne at NO, no begynner jobben!

Det tok ikkje lang tid før me skrudde opp epiduralen. Eg seier ME. Fordi eg var så delaktig.


Eg og jordmor jobba saman. Eg Øyvind jobba saman. Eg pusta, høyrde positive affirmasjoner og fokuserte.

Dette hadde eg ikkje vore like god på utan kurset. Eg kjende meg trygg og tatt på alvor.


Eg visste kva som skulle skje. Eg visste at eg skulle føde TO barn og at det kunne hende at den eine kom vaginalt men at den andre likevel måtte bli tatt med keisersnitt.

Og kroppen jobba raskt. Enda raskare enn forrige gang.

Eg var ikkje flink heile tida. Det kom perioder der eg vart redd. Kjende at adrenalinet tok over for oxytocinen.


Men då sa eg frå, og saman pusta me oss gjennom for å gjenvinne roen. Det fungerte stort sett veldig bra.


Og best av alt: eg opplevde å behalde roen! Og Øyvind, han var ikkje redd for å kreve sin plass.


Han stod med meg heile tida, heilt til «hornorkesteret»* kom durande inn like etter vaktskifte.


For eg fødte etter vaktskifte denne gangen også. Men det gjorde ingenting! For jordmor var informert og eg hadde trent. Og ho hadde ØNSKA seg meg!


Gledde seg til å få ta imot barn på si vakt og hadde allerede lest seg opp på meg søndagen då eg vart innskriven. Drøyme-situasjon!


11.11 vannavgang tvilling 1 ved induksjon

12.20 eg et suppe og smiler til kamera

13.30 aktiv fødsel

14.30 vaktskifte jordmor

15.30 vaktskifte leger


...og like etter blir det fullt i rommet. Akkurat det huskar eg ikkje. Eg var så fokusert! Men eg hugsar at Øyvind fekk på seg sjukehusskjorta.


Og så kom tvilling 1, trykketrangen var ikkje til å ta feil av. I full fart kom han! Eg hugsar eg lurte på om eg skulle presse eller ikkje.


Eg fekk beskjed om at det såg igrunn ikkje ut til at det var behov for å tenke - kroppen visste kva som skulle skje!

16.06 kom Trygve til verda med hovudet fyrst.

Han hylte med ein gang og vart lagt rett på pappa sitt bryst. Eg høyrde han men såg han ikkje. Tårene trilla!


Det var no 11 personar i rommet og 1 på veg ut.


3 jordmødre

3 leger

2 barneleger

2 foreldre

og

1 nyfødd


Rommet var fullt men eg var aldri redd. Alle hadde sine roller og eg var trygg. Overlegen tok livet fullstendig med ro. Spøkte og tulla.


Tvillingane hadde det jo heilt supert! Barnelegene stod ved vindusrekka.


Trådte til då tvillingane kom ut og gjorde ellers lite av seg. Snakka litt beroligende med far.


Då Trygve var ute var det scenebyte. Dette hadde eg kvidd meg til men det gjekk SÅ fint. Eg hadde trent. Eg var informert, smertelindra og trygg.


3 jordmødre fekk nye oppgåver. Den ansvarlege legen kom til og vipps så hadde han tak i tvilling 2 - rundt ein fot. Og der heldt han fast.


Dei andre stabiliserte magen, tok ultralyd og gav meg drypp. Gjorde klart for ny fødsel. Riene lot vente på seg og me småprata.


Eg pusta og heldt fast i ei jordmor si hand. Snakka litt om den eine legen sin son og barnehagestart (me er venninner).


Legen som hadde ansvar for tvillingen i magen fekk kramper i handa, tvilling 2 var nemlig både sterk og frisk.


Sprella alt han kunne inni der. Men eg kjende eg hadde ikkje mykje sympati for ein støl tommel der eg låg med ei heil hand inne i livmora!


Og så fekk eg presse. Og legen drog. Vatnet gjekk for 2.gang og plutselig så hang han der, med alt utanom hovudet ute. Før han vippa seg ut og kom til verda.

16.40 vart Asbjørn fødd.

Han var kvit og livlaus men ingenting utanom det vanlege for tvilling 2. Han kom raskt til seg sjølv og vart lagt på mamma sit bryst.


Og eg hadde fødd TO barn! Det var heilt rått!


Takk til kvinneklinikken i Bergen. Eg slapp å sove på gangen slik eg har lest om så mange gangar i avisa.


Eg såg sjølvsagt ingen mødre som budde på gangen heller! Ikkje hadde dei ansatte dårlig tid til meg heller.


Eller, det hadde dei. Eg måtte vente 2 døgn og dei måtte ofte jobbe raskt, men dei gjekk aldri på kompromiss med den profesjonelle rolla deira. Eg var 100% trygg heile tida.


Jordmødrene tok hensyn til meg og det vart ingen skumle vaktskifter. Tvillingane fekk begge kome vaginalt og fødselen vart ein drømme-tvillingfødsel.


Ei av venninnene mine var der som sagt som lege. Ho har i etterkant omtalt det som ein rørande opplevelse (og at det ikkje alltid er det for henne lengre, sidan ho tar imot barn ofte).

Ja, eg hadde smertelindring. Ja, det var likevel ekstremt kraftfullt då alt gjekk for fort.


Og ja: eg følte meg trygg, informert og hadde ei positiv oppleving med alle faktorar ein tvillingfødsel inneber.

Til slutt, har eg spurt Øyvind om gjennomlesing og eventuelle tilleggkommentarar. Me er einige i teksten over, og Øyvind legg til:


«Det var en mer behagelig opplevelse å være partner når du var roligere.»


Både han og eg opplever at det fyrst og fremst er kurset som gav denne effekten. (Eg hadde ein svært kraftfull fødsel, sjølv med epidural).


*Sagt under ein (av mange) gjennomganger av prosedyrer ved tvillingfødsel med lege : «Og ved tvillingfødsel har vi et hornorkester stående på gangen som kommer inn når det virkelig gjelder»."


Tusen takk til Ingvild som ville dele sin positive tvillingfødselshistorie! Vil du forberede deg til fødsel på samme måte som Ingvild? Da må du sjekke ut vårt fødselsforberedende kurs!

bottom of page