top of page

Hypnofødsel ga Silje en positiv andre fødsel etter en traumatisk første

Til tross for at Siljes første fødsel var en traumatisk opplevelse, ble den andre så fin at hun kunne gjort det igjen.

Siljes fødselshistorie

Her er hennes historie:


«Eg gjekk gjennom det fine nettkurset ditt siste månaden før terminen.


Eg kjende angsten som har bygd seg opp etter sist fødsel (som var ein traumatisk opplevelse av fleire grunnar) auka på, og kom tilfeldigvis over Positiv Fødsel via ein blogg.

Tenkte at det kunne ikkje skade å prøve, og starta med friskt mot!

Sambuar såg/høyrde/las oppatt det eg syntest var mest vesentleg for han å få med seg, og vart ivrigare etterkvart 😊



Me likte godt at det var mykje god info om dei ulike fasane av ein fødsel og elles om emnet.


Lydfilene var også gode, og eg sovna med dei på øyra fleire gonger.


Sjølve fødselen enda med å bli igangsatt, og det var så godt å ha lese noko positivt om i gangsetting via dei positive historiane du deler raust av (som kanskje er det aller aller beste med positiv fødsel).


Å ha lese dei positive erfaringene med igangsetting gjorde det lettere å forhalde seg til at me og skulle gjennom det samme.


Opplevde at det første døgnet med ballong-igangsetting var det tøffaste, men allerede her kom dei gode pusteøvelsane til veldig god nytte.

Etter ein del mensmurringar gjekk det over til kynnarar som gjorde at eg måtte halde meg fast i glaskarmen og puste meg gjennom, med sambuar ved sida som hjelpte meg med oppoverpusten.

Dette roa seg ut på kvelden, ca.12 timar etter ballongen var på plass.


Eg fekk sove nokre timar den natta, og møtte opp på fødeavdelinga i etasjen under (var innlagd på pasienthotell) kl.9, og var redd ballongen ikkje hadde gjort noko nytte, siden natta var ganske smertefri.

Men då eg vart undersøkt viste det seg at det hadde modnast mykje, og at eg allerede hadde opning på 4-5 cm 😁


Hurra for ein lettelse!

Frå då skjer ting fort, vatnet vert teke, og me er i aktiv fødsel.


Eg valde å ha epidural, som vart sett tidleg på plass. Og opplevde dei neste timene som veldig rolege, me pusta oss gjennom riene, og åt litt innimellom, høyrde på sangar og snakka med dei 2 fantastiske jordmødrene som følgde oss gjennom denne fødedagen.

Me hadde skrive eit fødebrev saman med den eine av desse jordmødrene i forkant, og dette var tydeleg at dei hadde informert, og dei tok våre ynskjer og bekymringar på største alvor 💕


Me hadde i utgangspunktet tankar om at eit nytt keisarsnitt var det me ynskte, men etter gode samtalar i forkant med jordmor, enda me på vaginal fødsel, og angra ikkje på det når me vart så godt møtt og ivaretekne.


Eg var i aktiv fødsel i 11 timar, og sjølve pressfasen varte ca 45 min.

Eg fekk mykje skryt av kor roleg eg var, kor godt eg pusta og klarte å følgje kroppen.


Verken gret eller skreik, men behaldt roen og fekk mykje trygghet frå sambuar og gode jordmødre.


Eg fekk tvillinggutar sist, denne gongen ei lita jente, og er veldig fornøgd med dei 3 barna eg har.

Men om eg hadde vurdert fleire, så hadde denne fødselen vore grei å kunne gjennomført ein gong til.


DET hadde eg aldri trudd eg skulle ha sagt!


Takk for mykje nyttig info., tips og råd gjennom Positiv Fødsel.»


Tusen takk til Silje som ville dele sin positive fødselshistorie!


bottom of page