Førstegangsfødende Marita hadde forberedet seg godt til fødsel. Men var kanskje ikke like forberedt på hvor fort en fødsel kan gå.

Her er hennes positive fødselshistorie:
"Først og fremst vil eg takke deg, Line, for eit veldig gjennomført og bra kurs.
Eg fikk desidert brukt masse av denne kunnskapen i min drømmefødsel som førstegangsfødande.
Vil spesielt trekke fram oppover-, nedoverpusten og affirmasjonane som eg benytta gjennom heile fødselen.
Eg synes også tipsa til fødebrevet var god hjelp, då eg virkelig følte at jordmora tok seg tid til å lese og legge til rette for alt eg hadde skrivd om korleis eg ønska det.
Fødselen min starta spontant ei veke før termin.
Eg hadde vannavgang kl 22:30 på kvelden, 13. juli.
Forstod etterkvart at dette var vannet da riene tok seg opp, og vi tok kontakt med sjukehuset.
Eg hadde da ca ei rie kvart tjuende minutt. Føden ba meg bli heime og ta kontakt att dersom det auka og det blei kortare mellom intervallene.
Etter omlag 10 minutt var det ikkje meir enn 3-4 minutt mellom kvar rie, vi tok kontakt med føden og dei ba oss komme for en sjekk på sjukehuset.
Da vi ankom sjukehuset og undersøkelsesrommet, viste det seg at eg allereie hadde 5-6 cm opning og var i aktiv fødsel.
Eg fikk, som eg skreiv i fødebrevet, ønsket oppfylt om å ligge i badekar på miljøstove med dempa belysning, ro og færrast mogleg personar å forholde meg til.
Eg fikk til og med også føde i badekar om eg ynskja dette. Eg hugsa eg blei glad då jordmora sa det.
Eg ynskja ein mest mulig naturlig fødsel uten medisinsk smertelindring og jaggu klarte eg det! Eg sat i badekar fram til eg hadde 10 cm.
Eg nytta tyngdekrafta i badekaret, fikk massasje fra sambuar, isbitar og kalde kluter i panna.
Vil understreke at sambuaren min virkelig gjorde en god jobb under fødsel da han pusta saman med meg, saman med jordmor og sa mykje motiverende til meg i heile fødsel.
Vi hadde øvd på oppover- og nedoverpust saman.
Da eg var 10 cm sat eg dårlig i badekaret og det enda med at eg fødte i senga i stedet for badekar.
Etter 5 1/2 time fra vannavgang, den 14. juli fikk eg verdens beste gave på brystet og vi kunne ikkje vert meir lykkelige!
Etter fødsel spurte jordmor om eg hadde tatt hypnobirthingkurs.
Eg sa eg hadde tatt kurset ditt og ho sa vidare at ho virkelig merka at eg hadde tatt kurs og var godt forberedt.
Eg føler denne fødselen viser kor viktig det er å vere godt forberedt på det en har i vente - og som eg kan takke positiv fødsel mykje for!
Anbefaler alle som skal føde å ta dette kurset!"
Hvis du også vil forberede deg til fødsel sånn som Marita må du sjekke ut det nettbaserte fødselsforberedende kurset.
Comments