top of page

Marias orgasmiske fødsel: - No forstår eg kva draumefødsel betyr

Maria hadde allerede en Positiv Fødsel-fødsel bak seg, men ønsket seg en enda bedre opplevelse med sin andre fødsel. Denne gangen turte hun si ifra om akkurat hva hun ønsket og var ikke redd for å bruke utradisjonelle metoder.

Marias positive fødselshistorie

Her er hennes positive fødselshistorie:


"Kor skal eg begynne? Eg fødde sonen min i vatn, med favorittmusikk i rommet, dansande jordmødre, sang og latter. No forstår eg kva draumefødsel betyr.


Eg er så stolt over fødselen min, men likevel vil eg vere anonym. Eg har nemleg lyst å skrive om korleis eg brukte det å stimulere klitoris før, under og etter fødsel, fordi det gav så god effekt. Håper andre kan la seg inspirere!


Men tilbake til start:


Det viktigaste for meg denne andre gongen eg fødde, var at eg visste kva eg ville og turde å sei det.


Sist gong tok eg også Positiv fødsel-kurset og førebudde meg. Det vart ein mektig opplevelse, men også noko prega av frykt og mange timar i fødsel.


Denne gongen las eg boka og lytta til lydfil. Eg fekk ifjor behandling for lettare sosial angst, og dette har også hatt stor påverknad for fødselen. Det eg lærte der, hjalp meg å fokusere på meg sjølv undervegs - i stadenfor alle andre. Saman med det eg lærte om valgmoglegheiter og fødsel i kurset, klarte eg denne gongen å ta aktive valg.


Før fødsel bad eg om, og fekk, ein fødselssamtale med sjukehuset. Eg forklarte at det var svært viktig for meg at helsepersonellet hjalp meg å stole på eiga fødeevne og at eg aldri ville ha ordrer undervegs, berre tilrådingar.



Samtalen trygga meg i at jordmødrene har som mål at fødekvinna skal få god oppleving. Og den gjorde at sjukehuset kjente meg og verkeleg strekte seg for å ta meg på alvor då eg kom inn.


Konkret fekk eg eit nb-notat i journalen, som blei som eit forsterka fødebrev, som dei kunne lese før eg kom inn.


Eit mantra for meg var at det var mi fødestove, min kropp og mine valg. Alle andre i rommet er hjelparar, på besøk i min fødsel. Altså er eg sjefen og fødestova er min heim mens eg før.


Eg føler at eg fekk alt eg bad om.


Då vatnet gjekk mandagskveld, fekk eg og kjæresten komme til sjukehuset. Eg kunne slappe meir av når reisevegen på ca 1 time på vinterføre var overstått. Hadde ca 4-5 rier i timen, men dei var svake, berre som mensenmurring som kom og gjekk.


Litt blod i fostervatnet gjorde at vi også ville sjekke at det ikkje var misfarga. Etter sjekk der alt var bra, fekk vi eit rom med seng til begge to og vi la oss ved midnatt. Sov litt før riene tok seg opp.


Eg brukte vibrator til å slappe av i riene og mellom, orgasmane lindra smerta og var god sovemedisin. Kjæresten sov søtt ved sidan av.


I firetida syns eg riene begynte å bli kraftigare og eg begynte å grue meg for smerte. Med jordmor diskutere eg smertelindring og eg fekk morfinsprøyte for å kunne sove litt.


Ulempen med metoden var at dersom fødselen skjedde innan 4 timar kunne eg ikkje føde i vatn og at babyen kanskje måtte få motstoff ved fødsel. Jordmor forsikra om at det var trygt og eg takka ja. Med den innabords, våkna eg berre såvidt av riene fram til 7-tida.


Eg følte meg opplagt då eg vakna og tenkte at dette blir ein lang dag med rier.


Sist gong tok det jo 16 timar med aktiv fødsel. Kjæresten gjekk for å finne frukost og heisann!


Noko skjedde og då han kom tilbake kom riene slag i slag.


Tok ein bit av eit rundstykke - ri! Snudde meg i senga - ri! Og desse var det tak i også. Kjæresten gjorde hip squeeze, men ingen av oss skjønte kor nærme vi var. Han gjekk difor ut igjen for å finne meir kaffi.


Ringte då på jordmor og bad om badekar. Ho gjekk for å fylle. Kjæresten var jo ute av rommet då, så eg var åleine i kanskje 10 minutt. Då jordmor kom tilbake klarte eg ikkje stå eller gå, og ulte meg gjennom intense bølger. - Er det for seint med epidural, spurte eg.


Jordmor oppmoda meg mildt til å prøve badekaret først.


Eg visste ikkje om eg kom til å klare det. Jordmor og kjæresten trilla meg inn på det lyse, deilige miljørommet eg skulle føde på. Mellom hyppige, intense rier fekk eg baksa meg opp i karet. Eg stod på alle fire.


Når riene kom ropte eg på hip squeeze og dei pressa mot hoftene, hjalp veldig. Jordmor sjekka og eg hadde 6 cm åpning. - Trur du dette er overgangsfasen, spurte eg då. Eg kom på at den følelsen av at eg ikkje klarte meir, kanskje kunne bety at sonen min var klar til å kome. Eg hadde jo forventa mange timar med fødsel, så det var ei veldig mental omstilling. - Kanskje, svarte jordmor.


Jordmor vart litt hektisk og tilkalte ei jordmor og ein barnepleier til. Ei lita stund etter at eg kom opp i karet innsåg eg at tida var komen. Jordmor sjekka igjen på eit tidspunkt og no var det 10 cm.


Hjelparane mine stimla rundt meg.


Kjæresten sat på ein stol ved hovudet mitt og vi kunne halde rundt kvarandre. Han strauk meg på håret og vi snakka lågt saman. Ei av kvinnene klemte mot hoftene med sterke hender når eg bad om det. Ei anna støtta mot hovudet til baby. Ei tredje snakka med meg og følgte med på babyen sin hjerterytme.


Dei trygga meg: fortalde meg kor flink eg var, kor imponerte dei var, svarte at eg skulle følge kroppen min når eg spurte kva eg skulle gjer, svarte at alt gjekk fint og at alt var normalt, fekk meg til å tenke at det var intenst fordi guten min skulle komme. Dei var *fantastiske*.


Eg gjekk frå ein følelse av kavete all over the place-desperasjon, til eit enormt fokus. Eg bad kjæresten sette på musikken vi pleier høyre på. Ei ro senka seg i rommet.


Riene endra seg og trykketrangen kom.


Det vart ganske lang pause mellom riene. Då song eg litt, kosa med kjærasten og vi småprata. Alle gledde seg over musikken, dansa litt , lo litt. Eg sa frå når riene kom, dei var ikkje så sterke og etterkvart foreslo jordmor at eg skulle trykke ekstra. So I did.


Jordmor kjente hovudet og eg tok ned hånda og kjente silkehåret og den bølgete mjuke hovudskallen. Ein lang pause stod hovudet i åpningen. Eg stimulerte klitoris og pusta djupt og rolig.


Eg slappa heilt av i pausane og brukte av og til nedoverpusten underveis i riene. Eg tenkte for meg sjølv: "Det er berre eg som kan føde babyen min. Eg klarer det." Det tok berre 4-5 pressrier også sklei han ut!


I løpet av eit brøkdelssekund hadde eg han i hendene.


Babyen skreik og eg lo og var ekstatisk og heilt skjelven. Det var heilt unikt, eg har aldri følt meg så sterk og flott. Frå eg vakna om morgonen og bad om frukost, til eg haldt han i hendene, gjekk det ca 2,5 time.


Jordmødrene og barnepleiar takka for ein fantastisk opplevelse og eg følte meg så spesiell. Fleire andre jordmødre kom innom barsel og hadde høyrt om den magiske vannfødselen min. Den berer eg med meg som eit smykke for all tid.


Eg brukte vibrator kvar kveld dei siste vekene av graviditeten, under modningsfasen i fødsel og no i tida etterpå. I kurset lærer vi å legge til rette for oksytocin. Og for meg er dette ein veldig enkel, effektiv og gøy måte å gjere dette på. I tillegg har eg god effekt for trening av bekkenbunn på denne måten og det er slik eg har trent meg opp etter forrige fødsel for berre 1,5 år sidan.


Såg foredrag om Orgasmic birth som jordmor Cathrine delte i kurset og er overtydd om at dette har hatt så god effekt: både for trening av bekkenbunn, som smertelindring, for å slappe av mentalt og fysisk, for å visualisere og bearbeide fødsel og for å føle meg sterk og klar.


Begge mine er fødd ca 1 veke før termindato, og kven veit - kanskje har det spelt inn også her. Eg sa til jordmor på fødselssamtale at eg kanskje ville ha med vibrator på fødestua. Ho sa at det hadde dei ikkje opplevd før, men at eg ikkje skulle tenke på kva andre i rommet tenkte, men gjere det som føltes riktig. Mitt håp er at fleire kan få glede av dette og at det kan bli lettare å snakke om. Så her er mitt bidrag - orgasmer til fødekvinnene!"


Hvis du også har lyst til å forberede deg til fødsel sånn som Maria, bør du sjekke ut det nettbaserte fødselsforberedende kurset.

bottom of page