Førstegangsfødende Helenes positive fødsel: - Det var ein heftig, god og trygg opplevelse.

Helenes fødsel gikk ikke helt slik hun hadde håpet, da hun ble satt igang, men hun klarte likevel å omstille seg og fikk en god opplevelse.

Her er hennes historie:


"16. juni 2021 gjorde eg det råaste eg nokon gong har gjort.


Eg fødte Eve på Volda sjukehus, og ved hjelp av kurset, førebuingane mine, ein stødig fødepartnar og dyktige helsepersonell så fekk eg ein god opplevelse.


Det var min første fødsel og eg var på forhand veldig spent på korleis det skulle føregå.


Eg var redd for å oppleve fødsel som angstfylt og traumatisk.


Så eg tok med glede kurset og det ga med både ro og tru på meg sjølv. Dette skulle eg klare.


Eg såg opp att kurset fleire gongar og lytta til lydfilene før eg sovna.


Så kom termindatoen (14/6), eg mistenkte vassavgang, ringte føden og avtalte en kontroll dagen etter.


Vi tenkte at vi kom til å bli sendt heim, men tok med fødebaggane i tilfelle. På kontrollen viste det seg at eg ikkje hadde vassavgang.


Sidan eg likevel var der og hadde nådd termindatoen så blei det tatt CTG, urinprøve og ultralyd.


Gynekologen fortalte at eg hadde i grenseland mykje fostervatn og babyen byrja å bli stor. Han anbefalte igangsetting.

Eg ville eigentleg kome i gang sjølv, så eg hugsa heldigvis tipsa frå kurset om å våge og stille spørsmål.


Eg spurte om han meinte at dette var det beste for babyen min og det bekrefta han.


Eg tenkte meg litt om, måtte omstille meg og konkluderte med at det heilt sikkert var ei samansett fagleg begrunning, at eg mest truleg hadde gått og bekymra meg heime om eg bestemte meg for å vente.


Eg tenkte at slik blei det denne gongen og eg skal "spele med dei korta eg har".

Eg blei innlagt same dag, fekk tildelt eit familierom saman med sambuaren min og blei igangsett med ballong på kvelden.


Kroppen reagerte med rie som ga seg. Eg fekk smertelindring og sov natta.


Morgonen etter (16/6) hadde ballongen løsna, eg hadde 3 cm opning og vatnet blei tatt kl. 9.


Sambuaren min fekk vere saman med meg heile tida. Vi prøvde å gjere kjekke ting ilag og håpte på naturlege rier. 2,5 timar seinare starta riene av seg sjølv. Dei blei ganske raskt intense og hyppige.


Kl 12 gjekk vi inn til ei fødestue. Alle jordmødrene eg møtte las fødebrevet mitt og lytta til ønska mine.


12 tips til en positiv fødsel


Eg hadde sett for meg å vere oppreist og bruke tyngdekrafta.


Det viste seg at eg slappa best av og jobba med kroppen min når eg satt eller låg i senga.


Badekar var også et ønske eg hadde, men det kunne eg dessverre ikkje grunna igangsettinga krav kontinuerlig CTG-overvåking.


Mykje av det eg hadde sett for meg blei annaleis og det var heilt ok for eg kunne egentleg ikkje vite på forhand kva som kom til å fungere og gi meg mest ro.


På fødestua var jordmor ofte tilgjengeleg og det ga meg stor tryggleik. Kl 14 fekk eg epidural og det var heilt nydeleg.


Det var som å vakne til livet igjen. Alle som kom inn i rommet var rolege og eg følte meg godt ivaretatt heile tida.


Epiduralen gjorde at eg blei nummen i høgre fot, så eg klarte ikkje stå skikkeleg, heller ikkje tisse.


Kateterisering var nødvendig og eg var takknemleg for å få hjelp.

Eg hadde det heilt fint i fødesenga og bytta heller stilling der.


Eg hadde på forhand ønskt meg eit naturleg forløp og minst mogleg invadering, men der og då tilpassa eg meg og klarte faktisk tenke positivt.


At epiduralen ga med smertelindring, vart viktigare enn biverknadane. Eg åt og var i triveleg humør.


Kl 17 hadde eg 8 cm opning. Då nådde epiduralen mindre i smertene og eg måtte jobbe meir aktivt med pusten og tankane.


Eg snakka mykje med jordmor om utdrivingsfasen.


Eg blei redd for at eg skulle få angst og lurte på kor vondt det var å presse.


Jordmora var veldig god, tok seg tid og svarte meg ærleg. Ho bidrog til tryggleik og ro i rommet.


Kl 19 hadde eg 10 cm opning, men babyen måtte lenger ned i fødekanalen før eg kunne presse.


Riene var så intense og eg kjente meg sliten.

Sambuaren min masserte foten og satte på fødelista frå Spotify. Kl 20 fekk eg lov til å presse, endeleg.


Etter 30 minutt mista riene litt kraft og eg blei sett på drypp.


Eg kasta opp eit heilt måltid, men det hjalp faktisk på ubehaget.


Etter ein time var eg heilt gåen og trygla om å få hjelp av sugekopp.


Gynekologen kom, gjorde eit klipp og drog med sugekopp til den spratt av.


Men det gjor ingenting for no klarte eg å presse ut ungen sjølv.


Plutseleg var alle smertene over og Eve blei lagt på brystet mitt kl 21.38.


Det var ein heftig, god og trygg opplevelse.

Eg synest det er viktig å dele at ein kan ha ein god og positiv opplevelse av fødsel sjølv om forløpet blir annleis enn tenkt, sjølv om ein opplever angsttanker og føler seg desperat sliten etterpå.


Eg er stolt av meg sjølv og lykkeleg glad for at kurset førebudde meg på kva som kunne skje slik at det blei mykje lettare å handtere der og då!"


Hvis du også vil forberede deg til fødsel på samme måte som Helene, bør du sjekke det nettbaserte fødselsforberedende kurset.