Kristinas drømmefødsel: - Mi finaste og råaste oppleving hittil i livet

Førstegangsfødende Kristina ville føde uten medisinsk smertelindring. Mot slutten trodde hun hun hadde nådd smertegrensen, men brukte alt hun hadde lært og fikk en drømmefødsel.

Her er hennes historie:


"No er det snart eitt år sidan eg fødte sonen min Vetle. Aldri før har eg kjent meg så

trygg, sårbar og sterk på same tid.


Takka vere kurset til Positiv Fødsel fekk eg oppleve min drømmefødsel og eg kan med handa på hjartet anbefale dette kurset til alle framtidige fødekvinner! Tusen takk, Line!


Det heile starta ei veke på overtid.


Eg vakna kl 08 med svake mensensmerter. Eg visste at latensfasen kunne ta tid og satt derfor på seriar og filmar som gjorde meg avslappa og i godt humør.


Etterkvart tok vi ein lengre biltur, handla inn digg snacks til fødebagen og bakte cookies. Eg var fokusert på å halde meg oppreist store delar av dagen og brukte blant anna yogaball for å la tyngdekrafta hjelpe til.


Modningsriene kom og gjekk med uregelmessig intensitet og varighet, etterkvart skulle modningsriene bli til gode, effektive rier som varte i 1 minutt og hadde 3-4 minuttars mellomrom. Kjærasten min talde kvar rie med appen Rieteller som var skikkelig fint, fordi det ga meg ein følelse av at vi allereie var eit godt fødeteam.


På eit tidspunkt var det plutselig 13 minutt mellom to rier, men etter ein lang og god dusj var riene tilbake med høg styrke og frekvens igjen.


Kl 22:00 var vi på plass på Storken. Jordmora sjekka meg til 2 cm. Vi fekk valet om å reise heim eller å vere der. Vi valde å vere der, noko eg raskt skulle bli glad for, då riene tok seg heftig opp 30 minutt etterpå.


Dei neste 6 timane fekk eg gjennomgå mi finaste og råaste oppleving hittil i livet.


Dei positive affirmasjonane, yogapusten og bruken av tyngdekrafta skulle vise seg å gi meg roen og sjølvtilliten eg trengte for å halde ut. Det å tenke at eg skulle jobbe saman med riene og ikkje mot dei, hjalp meg veldig.


Eg forsøkte badekar som smertelindring i ein liten time, men kjende raskt at det var meir smertefullt å ligge på ryggen enn å stå. Eg stod oppreist og framoverlent på preikestolen nesten under heile fødselen min. Herlighet kor mykje det hjalp å fokusere på pusten!


12 tips til en positiv fødsel


Kl 01 sjekka jordmor meg igjen. Eg var då 4-5 cm og offisielt i aktiv fødsel.


Fostervatnet gjekk 03:10 og riene vart plutselig ekstremt intense, det føltes som om eg ikkje fekk pause i det heile tatt. På dette tidspunktet var eg ”berre” 6 cm og eg uttrykte for jordmor at dersom dette skulle vare i fleire timar til, ville eg ikkje ha sjanse til å halde ut utan epidural.


Mi kjære, danske jordmor sa at eg skulle få velje heilt sjølv, men smilte til meg og sa at ho trudde dette ville gå raskt og ba meg halde ut ein liten time til. Jordmor visste at eg hadde eit sterkt ønske om å oppleve fødselen utan medisinsk smertelindring.


Aldri før har kroppen min vore så sliten og trøytt, eg sovna ståande på preikestolen innimellom dei sterke riene.


Smertene frå riene var heilt på grensa til kva eg tålte, men på ein eller annan merkelig måte slapp eg kontrollen og lot kroppen gjere jobben. Eg hugsa at eg på dette tidspunktet gjentok for meg sjølv: ”Ingen rier er sterkare enn kroppen min, kroppen min er laga for å føde, for kvar rie er eg eitt steg nærmare å møte babyguten min”.

Jordmora hadde jo heilt rett, det gjekk nøyaktig 1 time frå 6 cm – 10 cm!


Kl 04:10 hadde eg full opning og eg fekk umiddelbart trykketrang.


Etter 21 minutt og lyden av radioen som spelte 90-tallsklassikarar, låg Vetle på brystet mitt. Eg vil beskrive fødselen som intens og magisk.


Eg fødte uten smertelindring og hadde kun nokre overfladiske rifter. Aktiv fødsel varte i 3,5 timar, og Vetle hadde ein jamn og fin puls under heile fødselen. Eg hadde aldri klart det utan kjærasten min som telte og heia på meg heile vegen.


Sjølv om alle fødslar er ulike og kan gå i alle retningar, har ein framleis noko ein kan styre før og under fødsel, nemleg pust, ro og viten om at dette er noko alle kvinner får til! Skaff deg i tillegg riktig og viktig fødselsinformasjon – og sist men ikkje minst: ha med digg mat og drikke som gir energi!


Eg er heilt overbevist om at eg fekk oppleve min drømmefødsel takka vere kurset til Positiv Fødsel, i tillegg til dyktige og trygge jordmødre på Storken!"


Har du også lyst til å forberede deg til fødsel på samme måte som Kristina? Sjekk ut det nettbaserte fødselsforberedende kurset!