Tredjegangsfødende Amanda var forberedt på å gå over termindato, men denne babyen hadde andre planer. Hun endte opp med å få ta imot babyen sin selv under det hun beskriver som en "perfekt fødsel".
Her er hennes positive fødselshistorie.
"For snart 2 mnd sida fødte eg mitt tredje barn. Ei lita lillesøster til våre to gutar.
Eg hadde gått forbi termindatoen med gutane, og forberedte meg på å gå forbi dinna gongen også. Men 4 dagar før termindatoen, kl 5 på natta, kjente eg at kynnerane var annaleis.
Eg stod opp, tok ein lang dusj og åt frokost. Eg vekte min kjære i 6/7-tida, og vi ringte til sjukehuset for å fortelle at det hadde starta, men at eg ville vere heime litt lenger.
Men nr 2 gjekk de totalt 5,5 time frå start til slutt, og kun 1,5 time aktiv fødsel. Så vi visste at det kunne gå fort.
Kl 8 vart bølgene meir intense
Eg kjente på en kvalme som eg ikkje hadde hatt før. Vi ringte føden igjen og dei ville ha meg inn. Da eg kom inn ca kl 08.30 var eg ca 5 cm.
Eg pusta meg gjennom kvar bølge og gjekk fram og tilbake inne på undersøkelsesrommet mens jordmor klargjorde fødestue. Eg fekk klyster etter 1 time og badekaret skulle bli klargjort.
Litt før kl 10 fekk eg fødestue, og vatnet i badekaret fylte seg stadig opp.
Men kort tid etter ankomst fødestua, ca kl 10, kom følelse. Eg sa til jordmor at eg måtte presse, og mens eg står inne på rommet og klargjorde meg for å gå oppi badekaret, gjekk vatnet mitt.
Eg fekk hjelp til å legge meg på senga, på siden av eget ønske, då ryggeleie ikkje funka for meg frå første fødsel. Og to press seinare, kl 10.10 var lillesøster født. Underkant av 2 timar i aktiv fødsel.
Jordmor spurte om eg ville ta imot, og sjølvklart ville eg det!
I etterkant spurte eg om ho hadde rukket å lese fødebrevet mitt, siden eg ønska å ta imot sjølv, men det hadde ho ikkje, ho synst berre eg hadde så god kontroll at ho ville spørre!
Jordmor beskreiv fødselen som perfekt i sine auge, og eg er heilt enig!
Takk for kurset, og all jobben du gjer for kvinner og kvinnehelse Eg er evig takknemlig og kan sjå tilbake på 3 veldig fine fødsla!"
Vil du forberede deg til fødselen på samme måte som Amanda? Vårt fødselsforberedende kurs gir deg verktøyene du trenger for å føle deg trygg, rolig og sterk under fødselen.
コメント